Det Gamle Evangelium

 

 

 

 

 





 


Jakob Traasdahl

 

Traasdahl var gudbrandsdøl, frå Kjøremsgrenda i Lesja, ætta frå haugianarar. Han kom tidleg ut frå heimen og vann eit fritt, evangelisk kristensyn med det same han braut igjenom til levande tru på Gud i 20-års alderen. Han hadde rike talegåver, og stor makt over folket. Men evner og hug drog også sterkt imot handelslivet, og det var først etter mykje indre strid at han fylgde kallet til å bli forkynnar.

Den første faste arbeidsplassen hans var Kristiansund. Her kom det til open «krig» mellom han og dei gamle haugianarane. Med eld og glød tala han om den «frie naaden» og innbaud kven som ville til å koma «som dei var» til Kristus. Og mange kom. På kvart møte stod det fram folk som vitna at dei hadde funne fred med Gud utan å fylgja den gamle oppskrifta:
gå nedbøygd i årevis før ein våga å tru.

Då stokk gamlingane. Dette var «sjælefordærvende» lære, det var å gjera vegen for lett til himmerike! Dei stengde bedehuset. På det siste møtet Traasdahl fekk ha i det gamle bedehuset, ville han gjera greide for striden, men då sløkte dei lyset - og ut måtte han med alle sine. Men venene hans bygde snart eit nytt hus, og han fekk arbeida som før.

Traasdahl tok til å bli kjend både i Noreg og i utlandet. Han fekk kall frå Amerika og frå Sverige, men tok det siste, og var i «broderlandet» i 4 år. Fire rike, arbeidsfylt år. Han kom ihop med fleire førande menn i svensk kristenliv:
dr. Fjelistedt, domprost Wieselgren, Oscar Ahnfelt og framfor alle C. 0. Rosenius.

Då Traasdahl i slutten av 60-åra kom att til Kristiansund, stod han i si beste kraft. Opphaldet i Sverige hadde slipt bort vankantar og gjort synet rikare og vidare. Kristiansund blei for liten. Han fekk ikkje slå vengjene ut. Då kom det kall frå Bergen, og han drog sørover.

Indremisjonen i Bergen.

Indremisjonen i Bergen var ung då Traasdahl kom til byen, knapt 8 år. Men han hadde sine røter i den gamle haugianske veneflokken, hadde alt teke tunge arbeidstak og synt den leida han ville styra. Både presteskapet og Lutherstiftelsen hadde vore på friing, men fått nei.

Det første arbeidde dei mest med å spreida gudelege bøker. Men snart tok dei også til med forkynning av ordet. Ei tid var det bare teologar som fekk gjera dette siste. Lekmennene laut halda seg til boksalet eller gå rundt i husa og hjelpa fattige og sjuke. Men motet auka på, og dei tok lekmenn også til forkynnarar. Den første var den kjende «stortalaren» Ole Kallem. Han fór snart til andre kantar av landet, og Traasdahl kom i staden.

Med han fekk indremisjonen i Bergen den første store føraren.

Den friske, evangeliske talen til Traasdahl drog folket til møta i hundretal. Alle samlingshus blei for små. Ein måtte byggja, så indremisjonen slapp å «låna» hus snart her, snart der. I 1874 stod «Missionshuset» ferdig i den gamle Maartmanshagen. Ikkje noko sers vakkert å sjå til, men stort og romsamt. Indre- og ytremisjonen hadde reist det i lag.

Alt før denne tid hadde dei sett igang sundagsskule for born. Traasdahl var drivkrafta også i det arbeidet. I mange år samla han lærarane i sundagsskulen ein gong for veka og la ut teksta for dei.

Men endå meir enn talen til Traasdahl verka det han skreiv. Straks etter han kom att frå Sverige hadde han teke til å gi ut eit lite blad med namnet «Fredsbudet». Tingartalet var ikkje stort det første, men det auka fort og bladet fekk rikare og rikare innhald. Traasdahl skreiv store fortellingar, som først kom i bladet, seinare i bokform. Desse fortellingane hadde ikkje bare godt og gudeleg innhald, dei var også for det meste friske og interessante, så folk kjøpte og las det eme opplaget større enn det andre.

Ein tor vel seia, at mellom norske kristne i nyare tid er det få som har gjort større arbeid med pennen enn Traasdahl.

Ei tid ut i 70-åra grunnla han 2 nye blad:
«Familievennen» og barnebladet «Duen». Han tok til å bli rik på «gods og gull», sette igang bokhandel og slutta med det fastlønte forkynnararbeidet. I staden fekk han formannsplassen i indremisjonen.