Det Gamle Evangelium
(Hans
diktsamling "I Herrens hånd," Kan fåes kjøpt for kr.29,- hos "Bibelsk Tros kassettjeneste, P.boks 116, 4395 Hommersåk). |
Jeg
kastet "min kristendom" bort og
lever på det som er gjort. Da
kan det vel neppe gå verre. Men da lever jeg med Vår Herre! |
Olav Nergård (1903-1991)
frå Nord-Trøndelag var ein markant person både som menneske og som
kristen. Han hadde hatt ei radikal omvending, og dette prega hans
kristendomssyn. I diktverka hans finn vi dei sterke bibelske tonane
om synd og nåde, lov og evangelium i luthersk-roseniansk utforming,
og i ei klår, dikterisk form. Nergård kunne leika med ord i djupt alvor. Han kunne til dømes impulsivt sitere eit vers som dette: "Jeg kaster 'min kristendom' bort og lever på det som er gjort. Da kan det vel neppe ga verre. Men da lever jeg med Vår Herre". Mange gonger i
dei siste åra han levde, fekk eg den glede åkome innom han og broren
Johannes i Levanger. Samværa vart alltid avslutta med Guds ord og
bøn - og gjerne med eit gamalt eller nytt dikt. Nergård overleverte
alle sine dikt til meg. Han hadde det ynskje at nokre av dei kunne
kome ut i ein samanheng der utgjevaren står på ein heil Bibel. Eg er glad for
at Stiftel sen "På Bibelens grunn~' vil gje ut dette heftet med
songar, salmar og dikt av den store kristne personlegdomen, Olav Nergård.
Eg vil takke alle som har hjelpt til med å få ut denne diktsamlinga,
ikkje minst Magne Gudvangen, Kåre Altin, Terje Altin og Guttorm Raen,
for det store arbeid dei har gjort med å sortere, reinskrive, skrive
på data og typesette dikta, så dei kunne verta utgjevne.
|